top of page

KAJAKK

Norges mest selde kajakk – levert av Hasle i Norge! Hasle Excursion 500/520 er ein allround havkajakk for kortare og lengre turar. Kajakken er stabil og har gode eigenskapar for turpadling både på fjorden og i havet. Den har god lastekapasitet og kan enkelt pakkast for turar med gode oppbevaringsrom. 

Kvalitetskajakk frå Hasle - norsk produsert og tilpassa våre nordiske forhold.

Det er verdt å nemne at Hasle Excursion fekk terningkast 6 i VG og har vore med i 71 grader nord! Kajakken er bygd i den beste plastkvaliteten HDPE i 3 lags sandwichkonstruksjon.

Dette gjer den stiv i skroget, slitesterk og responsiv. 

Hasle Excursion 500

kr 13.990,-

Levert Kaupanger eller etter avtale.

Hasle Excursion 500 er ein nyutvikla kajakk frå Arne Hasle A/S. Det spesielle med denne kajakken er at vi har klart å lage ein kvalitetsmessig god kajakk som berre veg 23kg(!!!) Dette er den lettaste kajakken i marknaden i klassen sin. Han er faktisk lettare enn mange komposittbåter, samtidig som han har mykplastkajakkens slagstyrke.

Hasle Excursion 520

kr 13.990,-

Levert Kaupanger eller etter avtale.

Hasle Excursion er ein nyutvikla havkajakk frå Arne Hasle A/S. Det er særleg lagt vekt på at store personar òg skal sitje komfortabelt i kajakken. Sete og ryggtrygd er anatomisk utforma og det er lett å entre kajakken. Lårstøtter gir likevel god konfort. Fotbrett og sete kan justerast langs ein botnskjeneprofil og det er ikkje nødvendig med etterjustering av styrelinjer. Kajakken er utstyrt med sleperor som blir opp trekt med eit enkelt handgrep. Hasle Excursion toler tøffe vêrforhold.

Vel kontakt-knappen for å fylle ut skjema og bli kontakta om ønska produkt.

bottom of page