top of page

Vår drivkraft er å «MOVE» Sogn. Det er å skape utvikling, mobilitet og følelsar med base i Sogn. Det er 40 år sidan ANI bil starta opp, og det er 15 år sidan dagens eigarar kjøpte ut førre generasjon og starta ei ny reise. Alle dei gode kundeopplevingane, dyktige medarbeidarane og den gode kulturen fekk me på kjøpet, men kva no? I 2008 endra me namnet til Toyota Sogn AS, for oss var det naturleg å nytte merkevara Toyota og vår plassering i Sogn. Toyota står for dei same verdiane som me prøver å etterleve, respekt for menneske, samarbeid og «kunden først».

 

I 2011 investerte me i Bilhuset Førde AS. I motsetning til Toyota Sogn så var dette eit selskap som hadde ei litt brokete fortid. Sogningar som investerte i Sunnfjord var interessant nok for Firda den gang. Det tek tid å snu ei slik bedrift, og etter 10 år er det kjekt å sjå at me har lukkast! Frå 40 til 260 millionar i omsetning, frå 14 til 20 medarbeidarar, frå 2 til 3 bilmerke, frå 2.000m2 til 3.200m2 i nye og moderne lokale som opna hausten 2021 på Øyrane i Førde. Bilhuset Førde representerer i dag bilmerka Mercedes, Peugeot og KIA. Totalt har MOVE-konsernet i dag 60 medarbeidarar og leverte over 900 nye og brukte bilar i 2021. Det er historisk høge tal for både Sogn og Sunfjord.

 

Vårt grunnlag er å ha dei mest fornøgde kundane – det går aldri av moten. Sjølv om folk går frå å kjøpe til å lease, eige til å leige, så ønskjer dei fleste lokal service og oppfølging. I så måte jobbar me heile tida med å utvikle eit totalkonsept innan mobilitet, slik at kundane skal få alt på ein plass.

 

Med Hertz bilutleige i Sogn og Sunnfjord driftar me 100 bilar for korttidsutleige. Me satsar på dekkhotell både på Kaupanger og i Førde, og har ca 1000 sett totalt. Bilbergingsavdelinga vår jobbar 24/7, og i 2022 så kjem MOVE Fritid. Elektrisk mobilitet på 2 hjul med NIU Scootere, Peugeot syklar og NIU sparkesykkel. I tillegg satsar MOVE Fritid på båt – eit tilbod som me manglar i Sogn! Autorisert service av Suzuki båtmotorar og båtsal for både ungdom og vaksne. Kajakk og SUP, ditt val for å oppleve fjorden. Det tilbodet fortener me å ha i Sogn, no slepp mange båteigarar å reise land og strand for å ta ein autorisert båtservice.

 

Ein av våre drivarar er å kunne skape trygge arbeidsplassar, ein anna er å kunne bidra til å utvikle samfunnet me bur i. MOVE Sogn har ambisjonar om å fortsette med det, men det krev at me klarar å drive økonomisk godt og utvikle oss i tråd med marknaden. Det er krevjande nok, nye konkurrentar dukkar opp, mange av dei reine «nettselskap» som ikkje har den lokale tilknytinga. Som ikkje bidreg til den lokale marknaden, til skyttarlaget, fotballklubben, idrettslaget, vitensenteret, golfklubben, skisenteret, musikklaget eller båtlaget. For å nemne noko.

 

MOVE kan stå for både mobilitet og kjensler. Ja takk, begge deler. Vårt mål er å MOVE Sogn – det gjer me best med lokalt eigarskap og engasjement. I år er det 40 år sidan me starta ANI bil i Sogn – me håpar å kunne halde det gåande i fleire tiår til!

 

MOVE Sogn – det skal ikkje stå på ambisjonane!

Kontakt oss

57 67 66 66

Skarpeteigvegen 1,

6854 Kaupanger

bottom of page