

MOVE CASA
I La Cala de Mijas på Costa del Sol(Malaga) finn du Move Casa i urbanisasjonen Casa Banderas, ei flott leiligheit med 3 soverom(inntil 8 sengeplassar) og 2 store terrasser med gode solforhold og fin utsikt. Inne på området er det fleire basseng, padel tennis, leikeplass, GYM, sauna og fine uteområder. Casa Banderas ligg litt oppe i åsen og har fin utsikt over både dalen og havet, det er eit trygt området med 24/7 portvakt.
Det er gåavstand til matbutikk, restauranter i sentrum og den familievenlege stranda i La Cala de Mijas. Ein kort køyretur til fleire velrenommerte golfbaner som Calanova, Santana og Mijas Golf. Avstanden frå flyplassen er ca 25 minutt til La Cala de Mijas, og næraste by er Fuengirola som ligg like ved. Marbella og Malaga er hhv ca 20 og 30 minutt med bil. I Move Casa kan ein nyte det spanske klimaet året rundt.
Ønskjer du meir info? Send oss ein epost på post@movesogn.no eller ta kontakt med Bente i Drømmeferien (www.drommeferien.no) som organiserer utleige av Move Casa i høgsesongen.
​
Leiligheita har 3 soverom, kjøkken/stove og eit inneareal på ca 100m2 - samt 2 store terrasser på totalt ca 140m2.































